
Er ferdig med bok 1 -Slaget på Vigrid, i 2 bd.-serien Song for Eirabu av Kristine Tofte. Boka befinn seg ein plass mellom fantasy og historisk roman, men er mest ein fantasihistorie som handlar om fiktive land, hendingar og personar. Norrøn kultur og mytologi er brukt som inspirasjon, og kjem til syne med mellom anna historiar om volva og norrøne gudar. Blot, altså ofring til gudane, er eit sentral tema, sidan ein av hovudpersonane, 15-åringen Ragna, blir teken i lære som blot-gydje. Gydje, eit ukjent ord for meg, må tyde noko slikt som prestinne. Den 14-årige systera, Berghitte, blir som middel for å unngå konflikt med den autoritere kongen av landet Syrren, tilbydd som brud for kongen. Kongen blir likevel drept av Aun, som er einaste overlevande mann frå sitt rike, soldatar frå Syrren har nemleg slakta ned alle andre menn, og difor kan vi godt vere enig i at kongen fekk som fortent...
Berghitte har no flaks i uflaksen, ho blir likegodt gift med kongssonen Tjølv, som ho heldigvis vart forelska i ved første augekast, og ho blir, slik saken utviklar seg, keisarinna i Syrren, dog gjennom ein noko smertefull prossess med påsettjing av ei grueleg idle keiserinne-kruna...
Ragna er i tillegg til ein dyktig gydje-aspirant, ein svært dyktig sverd-svingar, ikkje utan påverknad frå gudekraft, noko som er av avgjerande tyding i slaget på Vigrid, som endeleg står på slutten av boka.
Mange "rare" ord, som sikkert er henta frå gamalnorsk eller kanskje og oppdikta? florerer i teksten. Forfattaren brukar mykje tradisjonell og til tider gamal nynorsk, og desse momenta gjer den norrønee effekten tydelegare. Samstundes smett det inn her og der nokre bokmålifiserte glosar. Ord som sendte, hendte, begynte og kommen, er døme på dårlege nynorske utgåver av orda hende, sende, byrja og komen. Samstundes brukar ho gamaldagse nynorske ord som audmjuk, vørdnad, venleik og løynd.
Dette ukonsekvente språket blir ikkje heilt smidig og truverdig etter mi meining. Her burde forlaget vore betre konsulentar for Tofte!
Eg har ikkje lest mykje fantasy eller historiske romanar frå vikingtida (som denne boka kanskje best kan samanliknast med), og veit ikkje heilt kvar Song for Eirabu står viss ein tenkjer på originalitet. Men det verkar som om forfattaren har hatt god fantasi og ho skriv jamnt godt, samstundes som ho må ha gode kunnskapar om norrøn mytologi, kultur og språk. Interessant at ho har brukt ordet Vigrid, som visst nok tyder staden for det siste og avgjerande slaget mellom jotnar og æsar ved Ragnarok (les: norrøn mytologi), eit ord som vi likevel mest knyter til nazi-organisasjonen med same namn. Dermed har Tofte gitt sitt bidrag til å gjere ordet litt mindre negativt?
Fleire bokmeldarar meiner boka er for vaksne, og rett nok er det inga barnebok dette, men stilen er likevel såpassa ungdomeleg (mykje sidan det dreier seg om livet til to tenåringar) at eg heller vil seie boka passar for litt vaksne ungdomar med sansen for romantiske vikinghistoriar iblanda fantasy-magi.
Det skal bli interessant å sjå i neste bok, fortsetjinga på nokre trådar slik som med den tredje veslesystera som vi anar eksisterar, dei to jentene har nemleg ein byting som bror, sidan den eigentlege systera deira vart teken av underjordiske etter fødselen!
Og Aun, som avgjorde ein heil del for makt-situasjonen i Syrren, vil vi gjerne vite kva skjer med. Om Ragna blir gift med Utyrme er vel òg eit spørsmål sidan ho var meint å skulle bli blot-sjef, kan dette kombinerast? Og vert Berghitte før ho vert 18, den stolte, fryktsame keisarinna som ein kan få inntrykk av?
Her er nokre offisielle bokmeldingar:
Bergens Tidende
Dagbladet
Om boka og forfattaren:
Telemark arbeiderblad

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar